Sy bunad sjølv
Enten du ønsker å brodere eller montere, eller begge delar, får du det du treng hos oss.
Du broderer og vi monterer
Ønsker du kun å brodere bunaden sjølv, kan du kjøpe påtegna bunad og alle materialane du treng hos oss. Når bunaden er ferdig brodert, leverar du den tilbake for montering.
Montering må bestillast på lik linje med ferdig bunad i henhold til leveringstider, helst eitt år før du ønsker den ferdig.
Vi broderer og du monterer
Vi kan også brodere bunaden din. Du kjøper da påtegna bunad, vi broderer og du monterer.
Materialpakker
Ei materialpakke kan innehalde alt du treng for å sy Telemarksbunaden sjølv, og ved bestilling bestemmer du sjølv kva du vil ha med.
Du bør rekne med omtrent tre månadars leveringstid for påtegna bunad.
Handvevde belte
Vi leverer ferdig handvevde belte frå Bunadsbeltespesialisten Signe Merethe Haugland frå Vinje i Telemark.
Vi sel materialpakker til alle bunadene frå Telemark.