Historia vår
Mykje takka vere Ingebjørg Almankås sin iherdige innsats, er Telemarks bunadstradisjonar vel bevart.
I 1944 etablera Ingebjørg Almankås eit lite handveveri. I løpet av kort tid kom det stadig fleire spørsmål frå folk som ønska å reparere dei gamle bunadene sine, og i 1956 starta Ingebjørg eigen produksjon av bunader.
Avgjerande reproduksjon
Norske bunader, slik dei framstår i dag, er eigentleg ein reproduksjon av folkedraktene som var i daglig bruk fram til første del av 1800-talet. Ved århundreskiftet var bunadstradisjonane i ferd med å dø ut, men i perioden 1920 – 1950 blei drakttradisjonane tatt fram igjen, og bunaden kom igjen til heider og ære.
Samla inn mønster
Da Ingebjørg Almankås starta med å sy bunader, var det viktig at dei var mest mulig like originalane. For å få mønstra og broderia riktig, vandra Ingebjørg Almankås rundt på gardane i Telemark og tegna ned gamle draktmønster. Dette materialet dannar i dag utgangspunktet for mange av dei mest kjente bunadene frå Telemark.
Ein mangfaldig folkedrakttradisjon
Sidan den gang har vi i Almankås studert gamle plagg på museum og bygdeutstillingar. Vi har lest, granska og fordypa oss i bunadstradisjonar gjennom fleire årtier. I løpet av desse åra har vi samla inn mange originale mønster og lokale variantar av folkedraktenen. Alle med bakgrunn i Telemarks mangfaldige folkedrakttradisjon.
Førsteklasses handverk
Vår fagkunnskap gjer at du kan vere trygg på at du får ein vakker og stilriktig bunad hos oss. Gode materialar og førsteklasses handverk, sikrar deg ein bunad som vil vare i mange generasjonar.
Det blir me nok enig om!
«Bølla», Ingebjørg Almankås