Alt anna, Historier

Frå folkedrakt til bunad

Det er ikkje lenge sidan kvinner i Telemark slutta å bruke kvardagsklede som vi kler oss i til fest!

Heilt fram til 70-talet var det framleis tradisjonsberarar her i Bø i Telemark som til daglig gjekk kledd i stakk og liv.

Vi kunne møte kvinner på butikken i Bø med håret vippa under skautet, samtidig med at studentane ved Distriktshøgskulen gjekk i slengbukser.

Nordagutu_bilete

Stakk og liv er det siste leddet i folkedrakta, og var i bruk som folkedrakt frå cirka 1900 til utpå 1980-tallet. Foto: Norsk Folkemuseum

Dette bildet er av ei kvinne kledd i stakk og undertrøye, og håret er vippa oppunder skautet. Det er omtrent midt på 50-tallet, og ho går om bord på Nordagutu stasjon, knutepunktet mellom Sørlandsbanen og Vestfoldbanen som ligg i nabokommunen til Bø.

Stakk og liv

Stakk og liv er det siste leddet i folkedrakta, og var i bruk som folkedrakt frå cirka 1900 til utpå 1980-tallet. Så det er ikkje lenge sidan enkelte slutta å bruke som kvardagsklær det vi bruker som bunad til fest!

Kjelde: ”Folkedrakt blir bunad” av Kari-Anne Pedersen

Foto: Norsk Folkemuseum