Almankas-beltestakk
Tilbehør, Vedlikehald

Stell og oppbevaring av bunaden

13. juli 2016

Tar du godt vare på bunaden held den seg like flott i mange år. Her får du nokre tips om korleis.

Bunaden

Reingjøring
Flekkar på bunaden fjernas normalt med mildt såpevatn. På vanskelege flekkar som fett og saus, kan du bruke whitesprit på ei fille og gni flekken forsiktig bort.

Oppbevaring
Bunaden bør oppbevaras i ein bunadspose av stoff. Som bunadspose kan du for eksempel bruke eit dynetrekk.

Bunadskjorta

Skjorta bør vaskas rett etter bruk så ikkje flekkar festar seg.

Handvask
Vaskar du skjorta for hand, bør du bruke varmt vatn ettersom dette bind fargene.                  Løs opp eit nøytralt vaskemiddel i vatn. Skjorta bør ikkje ligge blaut, da broderiet kan farge av. Skyll skjorta godt etter vask.

Maskinvask
Buandskjorta kan vaskas i maskin på 40 grader finvask med eit nøytralt vaskemiddel.    Skjorta bør ikkje maskinvaskas kvar gong, da dette slit på broderiet.

NB: Skjorte brodert med innslag av DMC gull/sølv tråd er vaskeanvisningen 30 grader.

Oppbevaring
Du bør vente med å stryke skjorta til den skal brukas. Oppbevares skjorta ferdig stryke, kan den lett bli gul.
Solbergbomull er krøllbehandla og derfor svært lett å stryke.

Silkeskjorte

Leverandør av silkestoffer anbefaler kjemisk rens.