Almankås - bunadsølv - tips til vedlikehold
Tilbehør, Vedlikehald

Sju tips til stell av bunadsølvet

Sølv er det viktigaste tilbehøret til bunaden. Men korleis halde det fint?

Å pusse sølvet er ikkje noko ein treng å gjere kvart år, men synes du det er på tide å piffe opp søljene litt, har vi nokre triks:

 

  1. Bruk ein mjuk tannbørste, gjerne ein barnetannbørste, og puss lett over med litt lunka vatn med ein dråpe zalo og ei teskei salmiakk per liter vatn.
  2. Skyll og tørk godt etterpå, bruk hårfønar for å vere sikker på at alt er heilt tørt.
  3. Skal du pusse sølv som er sydd fast i bunaden, bør du bruke ein sølvpussklut. Pass på at du ikkje søler til bunaden når du gjer dette.
  4. Du kan også bruke pussebrett. Bruk ein kartongbit som du skjær eit snitt i, slik at du kan smette den under knappen. På den måten kan du enkelt pusse sølvknappane utan at pussekluten kjem i kontakt med bunadsstoffet.
  5. Det kan vere lurt å pakke plastfilm rundt sølvknappar, for å sleppe så mykje pussing.
  6. Sølvet oppbevarer du i syrefrie, tette plastposar for å bevare glansen best muleg. Eller eit oppbevaringsskrin. Viktigast er at sølvet oppbevaras mørkt, tørt og lufttett.
  7. Dersom bunadsølvet ditt treng ein real oppussing eller reparasjon kontakt ein kyndig gullsmed.
Beltestakk sølv barn

Bunadsølv til barn

Almankås sel sølv til alle bunadene frå Telemark, og har god kunnskap om alt tilbehøret.