Hatt og silketørkle
Tidlegare var det vanleg at ein bruka den hatten ein hadde til fest.
Resultatet blei derfor svært mange ulike hattar. På gamle bilde der ein ser fleire herrer i bunad, er det ofte ikkje ein einaste hatt som er lik. Men hatt skulle ein ha!
Denne hatten brukas til alle bunadene vi leverer, kr. 1.230 pr. stk.
Silketørkle kjem i svært mange ulike utgåver. Variasjon i både mønster og farger er stor.
Silketørklene måler vanlegvis 70 x 70 cm fra kr 1.230,- eller 25 x 110 cm kr 700,-
Strikka sokkar og sokkeband
Strikka sokkar brukas til både Øst-Telemark og Vest-Telemarkbunaden med kortbukse.
Sokkane er handstrikka og fins i einsfarga kvit eller mønstra svart og kvit.
Kvite håndstrikka sokker i ull kr. 3.990,- pr. par
Håndslynga sokkeband kr. 1.925,-
Bunadskniv og klokke med klokkeband
Det er også vanleg å bruke kniv og klokke med klokkeband til herrebunadene. Vi fører eit lite utval av knivar og klokker hos oss.
Ettersom knivane lagas for hand av lokale knivmakerar, er det ingen som er nøyaktig like.
Bunadsknivar har lange tradisjonar. Knivane har som oftast utskjæringar på skaft og slire, og er dekorera med sølv.
Vi fører også fabrikklaga knivar. og
Herrefrakk
Bunadsfrakken er eit stilfullt og praktisk plagg til kalde dagar.
Frakken er designa i nyare tid på bakgrunn av stor etterspørsel etter eit slikt plagg.
Den brukas istaden for ein vanleg kofeksjonsfrakk og passer til alle typer herrebunader med jakke i tynt ullstoff.
Frakken bestilles fra Solhjell etter mål.