Rundtrøyebunad
Rundtrøya avløyste den korte gråkufta, og blei bruka frå andre halvdel av 1800-talet og fram til starten av 1900-talet.
Rundtrøya blei tatt i bruk samtidig med dei lange buksene.
Det fins mange variantar av denne bunaden rundt om i landet, og stilmessig hører den til under nyrokokkoen.
Rundtrøya frå Vest-Telemark er inspirert av Vestlandets drakttradisjonar. Kanskje ikkje så rart, når vi veit at menn frå Vest-Telemark kunne gå over fjellet til Vestlandet for å finne seg eit kjerringemne.
Den stilfulle rundtrøya har svart bukse, vest og jakke. Bunaden fins med både langbukse og knebukse. På skjorta kan ein ha kvitsaum, svartsaum eller farga broderi som dekor.
Til rundtrøya må ein ha mellom 18 og 35 knappar, samt halsring eller halsknapp og mansjettar i armane. Mange brukar også klokke med kjede i sølv, halstørkle, tofarga eller heilt kvite strømper med strømpeband til kortbuksa, svart hatt og svarte sko.
Vi har også rundtrøyebunad til utleige.