av Tove Karin Kilen
Mi lidenskap for bunadshandverket førte meg til å ta sveinebrev som bunadstilverkar i 2006, og i 2015 gjennomførte eg studiet “Drakt og samfunn” i regi av Norsk institutt for bunad og folkedrakt på Fagernes. Eg har også hatt gleda av å vere sensor i bunadstilverkarfaget i Vestfold og Telemark frå 2008 til 2019, der mykje av arbeidet handla om å bevare og vidareføre vår stolte bunadstradisjon.
I denne artikkelen ynskjer eg å ta dykk med på ei reise gjennom den kulturhistoriske overgangen frå folkedrakt til bunad i Aust- Telemark. Denne reisa har vore prega av både lokale tradisjonar og innflytelse frå kjende kultur- personlegdomar som blant andre Adolph Tidemand, Johannes Flintoe, Anne Bamle, Ingebjørg Almankås og Ågot Noss. Saman har desse vore med på å danne grunnlaget for den rike bunads- tradisjonen vi har i dag.
Historiske kjelder
Nokre av dei viktigaste kjeldene vi har for å kunne seie noko om drakttradisjonen på 17- og 1800- talet er arbeidet til kunstnarane
Adolph Tidemand og Johannes Flintoe. Dei reiste rundt i Noreg for å dokumentere den norske kulturarven. Tidemands måleri, som ofte skildra bønder i tradisjonelle drakter, var med på å forme det norske folk sitt syn på sin eigen kultur. Flintoe, med sine detaljerte skisser og akvareller, sørgde for at draktdelar og mønster av raudtrøyekleda blei grundig dokumentert, noko som seinare skulle bli svært viktig i arbeidet med å rekonstruere bunadar.
Raudtrøye og snippekufte
Frå kjeldene kan vi sjå og lese at raudtrøyekleda, som var den tradisjonelle kvinnedrakta før 1860, hadde mørk stakk, med liv i ei anna farge, ofte raudt. Utanpå- trøya var også vanlegvis raud, og det er denne som har gitt namnet til kleda. Forkledet hadde som oftast rosesaum, med ei kantbord nedst og oppover langs kanten. Beltet, som var brikkevevd, var omlag 3–8 cm breitt.
Snippekufta var mannfolka si tradisjonelle drakt på denne tida. Dette er den eldste mannsdrakta vi kjenner til frå Aust-Telemark. Kjeldene er i hovudsak biletmateriale og plagg vi kan finne på for eksempel Folkemuseet. Ytste trøye var kvit og hoftelang med skeiv lukking. På ein akvarell teikna av Flintoe ser vi at dei to ermevestane innanfor var vakkert broderte, og vi veit frå ulike kjelder at desse vestane ofte var i laga i kvitt, grønt eller raudt ullklede. Beinkleda bestod av knebukser og kvite vadmålssokkar. Til drakta høyrte også hatt eller kollelue og dufsesko.
Overgangen til beltestakk og gråtrøye
Overgangen frå den tradisjonelle raudtrøya til beltestakken rundt 1850 markerer eit viktig skilje i kleshistoria i Telemark. Raudtrøya representerte ei sterk forbinding til tidlegare tiders drakttradisjonar. Med pietismens påverking og dei religiøse verdiane som kom til uttrykk i kleda, blei draktene ofte enklare og sparsame i dekorasjo- nane. Beltestakken var i hovudsak svart, med lite dekor og broderi.
Den kunne ofte berre ha ein smal enkel skoning langs kanten av stakken. Forkledet var også ofte svart, med berre nokre smale band nedst og litt opp langs kanten. Jakka har no også blitt svart. Det brikkevevde beltet blei breiare og breiare utover beltestakk- perioden, og var laga av fleirfarga ullgarn.
Impulsar frå utlandet nådde byane i Noreg, og tilgangen til stoff og materiale blei stadig betre. Skrep- pekarar tok materialane med seg vidare innover i landet, noko som gjorde at variasjonen i draktene på bygda etter kvart blei stor. Folk tilpassa dei nye materialane til dei tradisjonelle formene, og resultatet blei unike og lokale variantar av draktene.
Hos karane ser vi ei liknande utvikling som for kvinnedrakta. Rundt 1850 blei den tradisjonelle snippekufta gradvis erstatta av gråtrøya. Denne overgangen reflekterte også pietismens innflytelse, der enklare og meir nøytrale farger blei føretrekt. Denne drakta hadde ei kortare, kvit trøye ytst. Vesten var heilt svart, utan brodering, og var knept heilt opp i halsen. Dei brukte fram leis knebukse, og dei kvite vadmålssokkane blei erstatta av strikka sokkar. No kunne sokkane vere heilt kvite eller tofarga mønsterstrikka. Den svarte hatten kom i alle fasongar, og dei brukte høge eller låge lærsko eller tresko. Etter kvart blei det også brukt lang bukse til denne drakta.
Stakk og liv og rundtrøye
Mot slutten av 1800-tallet, og spesielt rundt 1900, skjedde det ei ny utvikling, da beltestakken i stor grad blei erstatta av drakta stakk og liv. Denne drakta var einsfarga svart og enkel, utan prydsaum og brikkevevd belte. Den var gjort av mørkt tøy med kvit skjorte til festbruk, og farga skjorte til kvar- dagsbruk. Livet var laga av silke eller fløyel, og det var ikkje forkle. I boka om Anne Bamle (Haugen Wagn og Nordby, 2002) kan vi lese at stakk og liv “representerte ei overgangsform mellom folke- drakt og motedrakt og er det siste leddet i utviklingsrekka av dei tradisjonelle kvinnedraktene i Øst-Telemark”. Denne nye draktskikken peika både mot nasjonal- romantiske ideal og var samstundes ei tilpassing til tida si skiftande mote. Stakk og liv blei framleis- bruka i Midt-Telemark mot 1970- talet. Her kunne ein framleis finne kvinner som brukar drakta i kvar- dagen, med håret vippa.
Mot slutten av århundret, omkring 1900, ble gråkufta igjen erstatta. Gråkufta hadde byrja å endre seg allereie på 1880-talet mot det vi kallar rundtrøya, som i stor grad var inspirert av byenes dress- motar. Denne drakta var enklare og hadde mindre særpreg enn gråkufta og snippekufta. Utviklinga viser korleis byenes impulsar, særleg i form av stoff og snitt, påverka klesdraktene på bygdene, med ein glidande overgang frå tradisjonelle til meir moderne stilartar. Både trøye, bukse og vest var nå i same ullstoff. Beinkleda var langbukse med gylf, og vesten var stadig knept heilt opp i halsen. Drakta var i svart eller mørkeblått ullstoff.
Frå folkedrakt til bunad
Den rike variasjonen i draktene som prega bygdene i Telemark under raudtrøye- og beltestakk- perioden har over tid blitt erstatta av ein meir uniformert bunadstradisjon. Utover 1900-talet oppstod det ei auka interesse for å hente fram igjen og bevare dei gamle drak skikkane som eit nasjonalt symbol. Sentralt i arbei det med å hente fram igjen og rekonstruere gamle drakttradisjo- nar frå Aust-Telemark sto Anne Bamle (1892-1974). Ho var forut for si tid, og fatta interesse for drakttradisjon før dei fleste andre. Interessa for folkedrakter hadde blitt sterk medan ho arbeidde som søndag hjelp på Folkemuseet på Bygdøy, der ho fekk moglegheit til å studere gamle arkiverte klede.
Anne Bamle opplevde mykje mot- bør for arbeidet med dei gamle draktene, då mange synast kleda ho jobba med virka umoderne og gammaldags, og at dei ikkje burde hentast fram att. Bamle let seg lik vel ikkje stoppe, og ho er i dag sett på som ein av dei mest innverknad rike bunadstilverka- rane i Telemark. Ho vidareførte dei tradisjonelle teknikkane og mønstra frå raud trøyekleda, samtidig som hun tilpassa dei til ei ny tid ved å tilføre meir broderi. Aust-Telemarkbun den har i dag broderi på både forkle, nedst på stakken og på livet. Bamle hadde ei unik evne til å kombinere tradisjon og nyskaping, og hennar arbeid har satt djupe spor i utvi linga av dagens bunadar i regionen.
Ingebjørg Almankås (1917–2013) er ei anna sentral kvinne i den vidare utviklinga av bunadane i regionen. Almankås var ei forret- ningskvinne som skaffa mange kvinner i Bø arbeid i vevbedrifta si som ho starta opp på slutten av 50-talet. Etterspurnad etter materialar og delar til gamle folkedrakter og bunadar gjorde at drifta dreidde mot bunads- saum i staden for vev. Den fyrste komplette beltestakken blei sydd på byrjinga av 70-talet. Gjennom sitt arbeid bidrog Ingebjørg Almankås til å styrke og formidle kunnskapen om dei gamle teknik- kane. Almankås sitt arbeid var prega av ei djup respekt for tradi- sjonane, men også av ei vilje til å eksperimentere innanfor dei rammene som folkekunsten ga.
Bunaden i dag
I dag ser vi ei auka interesse for å tilpasse bunadane til individu- elle preferansar, samtidig som ein ynskjer å ivareta den autentiske stilen. Nokon vel å tilpasse fargar, materialar eller tilbehøyr for å gjere bunaden meir personleg, medan andre held seg tru mot dei meir tradisjonelle formene. Tilpassingane kan også handle om praktiske omsyn, som å justere passform for betre komfort, eller å velgje lettare materialar for varme sommardagar.
I tillegg ser vi ei større interesse for tilbehør, som sjal, sølv og sko. Mange ynskjer å bruke element som har ein personleg eller fami- liær tilknyting. Dette kan innebere bruk av arvestykke, eller spesial- bestilt bunadssølv som reflekterer både lokal tradisjon og individuell smak. Bunaden har i dag ei viktig rolle som identitetsmarkør, og det å bære bunad er ofte ein måte å uttrykke tilhøyrsle til både fami- lie, bygd og nasjon. Samtidig som bunaden er ein bærer av kultur- arv, er den også eit levande plagg som stadig utviklast i takt med tida. Denne balansen mellom å bevare og fornye er det som gjer bunadsmoten i Telemark så levande og relevant.
Utviklinga frå mangfald til uniformitet i drakttradisjonen viser korleis bunadene, som ein gong var eit levande uttrykk for lokal identitet og variasjon, nå har blitt eit symbol på ei felles kulturarv. Samtidig bærer buna- dane med seg spor av dei mange historiske påverknadane som har forma dei, frå pietismens enkel- heit til byenes motepåverknad og skreppekarens rikhaldige utval av materialar.
Kjelder
Aagot Noss, 2010, Draktskikk i Aust-Telemark
Anne Haugen Wagn og Guro Nordby. 2002. Anne Bamle og
Øst-Telemarksbunaden. Et livsverk
Kari-Anne Pedersen. 2013. Folkedrakt blir bunad.