• Rundtrøye 1880 Telemarksbunad herre

    Rundtrøye 1880

  • Telemarksbunader til herre

    Rundtrøye 1880 (t.v) rundtrøye 1910 (t.h.)

  • Bunadsvest med myntknapper

    Dobbeltspent vest med myntknappar i sølv

  • Sort bunadsbukse med spenne bak og pene detaljer på baklommene.

    Bunadsbuksa har spenne bak og fine detaljer på baklommene.

  • Bunadskjorte med hvitt broderi

    Bunads skjorte med kvitt broderi

  • Detaljer på baklomma til herrebunad modell 1880

    Detaljer på baklommen

  • Ryggen til den sorte bunadsjakken 1880

    Rundtrøye jakka 1880 bak

  • Sort bunadsjakke Telemark

    Stikninger nede på ermene.

  • Telemarksbunad herre fra Almankås

  • Ny rundtrøye fra Telemark

    Rundtrøye 1880

  • Herrebunad fra Telemark

    Rundtrøye 1880 (t.v.) og rundtrøye 1910 (t.h.)

Rundtrøyebunad

Rundtrøye frå Almankås modell 1880

Den eldste av rundtrøyene kjem frå garden Reisjå i Tuddal, og har ei utforming tilsvarande dei fyrste rundtrøyene som kom i bruk i Norge. Altså frå rundt år1880.
Utforminga har alle kjenneteikna til rundtrøya, men visse detaljar viser tilknytting til gråtrøya. Som f.eks. dei vide armane og dobbeltspent vest.
Klede var nok det vanlegaste stoffet som blei brukt på den tida.

Spesielt om rundtrøya frå Reisjå kan nemnast at den har tilhørt familien til Torkjell Sletta, og den hadde henge lenge på stabburet på garden da Kari Anne Pedersen ved Norsk Folkemuseum fekk sjå den. Ho ivra etter å få tatt opp igjen dei gamle rundtrøyene, og Torkjell Sletta har gjett si tilslutting til at den blir kopiert.
Det er gjennom Kari Anne vi har fått høve til å bruke den.
Torkjell fortel at bunaden vart bruka av hans bestefar da han gifta seg i 1894, men den er nok sydd ein del år før dette.

Rundtrøya, også kalla stuttrøya, tok over etter gråtrøya alt frå 1880 åra. Dette er ein meir dressprega bunad som bygger på den nye mannsmoten ute i Europa på fyrste del av 1800-talet, og vart vanleg litt seinare her i landet. Rundtrøya kjenneteiknast av den korte jakka, stuttrøya, med den avrunda formen nederst – noko mange meiner er opphavet til navnet «rundtrøye». Det er få gamle utgaver å sjå i dag, men dei vi har er sydd i kraftig klede, og ofte er det brukt beinknappar. Det har nok og vore bruka sølvknappar, det ser vi på gamle bilde.

I dag kallas rundtrøya ofte «Vest-Telemarkbunad». Det er ikkje rett. Den vart nytta i heile fylket, og med små variantar også i andre fylke.
Hos Almankås syr me to ulike rundtrøyebunader. Me har vore så heldige å funne to opprinnelege modellar. Begge modellane har opphav i Tuddal, og er mest sansynleg sydd der av lokal skreddar. Dette viser og at denne bunaden var vanleg i Aust-Telemark.

Kontakt oss gjerne for å snakke om ulike muligheiter og prisar.
Bunaden blir til i tett samarbeid med deg.

Tilbehør

  • Sorte bunadsko til herre med tinnspenne

    Bunadsko i mykt skinn til dame

    Bunadsko til dame fra Klaveness, og håndlaga dufsesko fra Telemark

    Sjå meir
  • Silke tørkle i mange farge varianter og sort filt hatt

    Alt av tilbehør til herrebunaden fra Telemark

    Vi har alt av tilbehør til herrebunaden fra Telemark : Silke tørkle i mange farger, sort filt hatt, alt av sølv, knestrømper, strømpebånd, sko osv..

    Sjå meir
  • Herre med grøn jakke til Øst-Telemarksbunaden

    Sølv til herrebunaden fra Telemark

    Ein brukar det samme sølvet til Øst- og Vest-Telemark herrebunad.

    Sjå meir

#mintelemarksbunad