Broderte sokker
Strømper med broderi brukas i dag til beltestakk og Øst-Telemark kvinnebunad.
Broderia på sokkane har påverka Øst-Telemarkbunaden slik vi kjenner den i dag. Det var Anne Bamle som starta å overføre rosemønsteret på sokkane til forkle, trøye og stakkebord på bunaden.
Sokkene er brodert på ullstoff.
Brodert linskaut
Til damebunadene frå Øst-Telemark hører det til eit kvitt linskaut for den som måtte ønske det. Frå gammalt av bruka dei kvite linskaut med silketørkle knytt utanpå og gjerne med hårvippe under for å få skautet til å sitte bedre og falde finere. Det var Anne Bamle som tilførte rosesaumen på snippen bak.
Brodert sjal
Vi har mange forskjellige sjal til dei forskjellige bunadene våre.
Sjala kjem i ullbrokade eller i svart ull med broderi i det eine hjørnet.
Silketørkle og sjal
Silketørkle kjem i svært mange ulike utgåver. Variasjon i både mønster og farger er stor.
Silketørklene måler vanlegvis 70 x 70 cm eller 25 x 110 cm
Vi har mange forskjellige sjal til dei forskjellige bunadene våre.
Sjala kjem i ullbrokade eller i svart ull med broderi i det eine hjørnet.
Sjala kan brukas til alle Telemarksbunadene.
Broderte vottar
Dei brodera vottane lagas av tynt ullstoff og blir brodera med ønska garn i farger som harmonerar med bunaden.
Vottane er fora med tricot. Dei kjem i ein størrelse og kan brukas til alle typar bunader.
Hårvippa
For dei med kort hår lagar vi ferdig fylte vipper som ein kan sette rett på hovudet.