Band og belte har vore ein viktig del av draktskikken heilt sidan vikingtida. I denne videoen viser me deg korleis eit tradisjonelt brikkevevd hårband blir til – frå fletta renning på rennebommen til tredd brikkevev. Du får vite meir om kor mange brikker som trengst, kva for innslagsgarn me bruker, og kva utstyr du treng dersom du vil veve sjølv. Me hjelper deg gjerne i gang med både utstyr og renneflette, eller me kan veve eit heilt ferdig hårband til deg!
Korleis gjere
Bunaden er meir enn berre eit plagg – det er dei små detaljane som fullfører heile uttrykket. Her finn du enkle Korleis gjere-videoar som viser deg steg for steg korleis du knyter silketørkle, vipper håret og knyter sokkebånd, slik at bunaden sit som han skal.
Følg våre enkle guidar og få bunaden til å sitje perfekt! Har du spørsmål eller gode tips? Me vil gjerne høyre frå deg
Har du spørsmål eller gode tips? Me vil gjerne høyre frå deg!