Fløyelsliv
Fløyelslivet er sterkt prega av moten som kom på slutten av 1800-talet. Kufta har puffermer og bysten blir fremheva med eit smalast muleg liv. Skjørtet er flatt framme, og har all vidden samla bak.
Desse nye motetrekka blei kombinert med det tradisjonelle tulleplagget. Livet beholdt dei karakteristiske snippane bak, som har røtter heilt tilbake til renessansen.
Fløyelslivet hadde tradisjonelt eit naturalistisk blomsterbroderi, som regel utført med silketråd, men den kunne også vere heilt utan broderi. På slutten av 1800-talet var det blitt vanleg med symaskin, og ein erstatta derfor korsettet med spiler som ein sydde inn i livet på folkedrakta. Dette gjorde at spissane i ryggen, som nå var veldig høge og spisse, holdt seg på plass.
Til fløyelslivet brukar ein kvit skjorte med hekla blondekant, kvitsaum eller farga broderi, halsring eller halsknapp, sølje på bringa, mansjettar i armane, fløyelsbelte med sølvspenne i livet, tulleplagg på hovudet, silketørkle i halsen, svarte strømper og svarte sko.