ALMANKÅS TELEMARKSBUNADER
70
år med håndverk, historie og stoltheit
JUBILEUMSÅRET 2026 · BØ I TELEMARK
Historien om Ingebjørg Almankås
Almankås blei grunnlagt av Ingebjørg Almankås, ei kvinne med ei djup kjærleik til bunadstradisjonen og det norske handverket. Med kunnskap, dedikasjon og eit sterkt ønske om å bevare tradisjonar, bygde ho opp det som i dag er Almankås AS.
Gjennom fleire tiår har hennar arbeid lagt grunnlaget for ei verksemd som kombinerer tradisjon, kvalitet og respekt for handverket. For å dokumentere denne reisa har me i samband med jubileet gitt ut ei bok som fortel historia om Ingebjørg og utviklinga av Almankås.
Ei bok om eit livsverk
I samband med 70-årsjubileet har me gitt ut ei bok som fortel historia om Ingebjørg Almankås og reisa frå ein liten start til dagens verksemd.
- Livet og arbeidet til Ingebjørg Almankås
- Utviklinga av Almankås gjennom generasjonar
- Bunadshåndverket si tyding og tradisjon
- Bilete og historier frå 70 år
Jubileumsemblem i sølv
For å markere jubileet har me fått laga eit unikt jubileumsemblem i sølv. Alle bunader som blir sydd hos Almankås i jubileumsåret vil få dette emblemet — som eit varig symbol på 70 år med bunadshåndverk, tradisjon og kvalitet.
«Jubileet er ikkje berre ei markering av fortida — men også ei feiring av handverket me skal ta vidare.»
Me feirar 70 år!
I denne videoen får du høyre meir om den rike historia vår, heilt frå Ingebjørg Almankås byrja med veving på 40-talet. Du får sjå det unike sølvmerket som blir sydd på alle bunader i år, og me fortel om den nye boka «Bølla – litt av ei dame».
Kom gjerne innom butikken for å sjå på boka og slå av ein prat!
70 år med bunadsglede
1940-talet
Ingebjørg byrjar med veving og utviklar lidenskapen for bunadstradisjonen.
1956
Almankås blir grunnlagt i Bø i Telemark — starten på eit livsverk.
1970–80
1988
2019
2026
Velkommen til jubileumsåret
Me ser fram til å dele dette spesielle året med deg. Kom innom systugo i Bø og sjå handverket på nært hald.