Tor Eilev forteller om rundtrøyebunaden til kongeparet
Historier

Gåvene til kongeparet

Tor Eilev forteller om historia til rundtrøyene me har rekonstruert, og historia til mansjettknappane kongen fekk.

Nålputa til dronning Sonja

er monogrammet til kong Christian den 7. av Danmark-Norge

Nålputa med monogram frå kong Kristian den 7.

For ei tid sidan fekk me inn eit gammalt forkle frå Hjartdal. Dette forkleet var tydelegvis svært gammalt, noko me fekk stadfesta etter ein konsultasjon med Kari Anne Pedersen, konservator ved Norsk Folkemuseum på Bygdøy, og ein av nestorane i Norge på folkedrakter og da spesielt på Telemark. Ho meinte bestemt at dette forkleet høyrde til Raudtrøyekleda, same bunad som Prinsesse Ingrid Alexandra fekk til konfirmasjonen sin.
Som dekor på forkleet er det brodera ei bord, og på midten av denne er det lagt inn eit monogram. Det er monogrammet til kong Christian den 7. av Danmark-Norge. Han regjerte frå 1766 til 1808, altså nettopp i den epoken raudtrøyekleda blei tatt i bruk. Denne borda blei ikkje bruka på prinsessebunaden, men den var inne til vurdering, så derfor har me tillate oss å overføre litt av broderiet til gåva som Dronning Sonja mottok. Gåva er ei nålepute, som alltid er kjekt å ha for ei dronning som driv med handarbeid, og på denne er det brodera monogrammet til Christian 7. Det er Anette som har sydd og brodera nåleputa.

Mansjettknappene støpt ut fra en mynt ,kong harald fikk i gave

Mansjettknappane støpt ut frå ein 50 øring frå 1877

Me har to heilt unike variantar av rundtrøya her på huset som me har bruka mykje tid på å rekonstruere og få i produksjon, den eldste modellen frå ca 1880. For å gjere produktet enda meir unikt, ville me få laga ein egen knappeserie som kunn skulle brukast til desse plagga. Me kom i kontakt med sølvsmed Gry Grindbakken, som hadde gått i lære hos Arnt Darrud på Gvarv, med eiget atelier på Stathelle – og me blei snart einige om at me skulle bruke gamle myntar som utganspunkt for knappeserien. Myntar som var gått ut av bruk blei ofte bruka til utsmykking i gamle dagar, og bl.a. forma til knappar. Me har funne ein toøring frå 1888, ein 25-øring frå 1880 og ein 50-øring frå 1877 – altså frå Oscar den 2. regjeringstid – og Gry har laga støypeformer av desse. Til ein knappeserie til rundtrøyebunaden hører også mansjettknappar til, og det var eit sett mansjettknappar kongen fekk. Det første i rekka.