herrebunad rundtrøye telemarksbunad
Alt anna, Historier

Frå gamalt til nygamalt

Med kjærleik til bunadsfaget har ekspertane hos Almankås utvikla to nye herrebunader, tufta på norske tradisjonar.

I hjartet av Telemark har vi skreddarsydd telemarksbunader i over 60 år. Vi var blant dei første til å sy beltestakk i si tid, og er spesialistar på telemarksbunader.

– Da produksjonen av rundtrøya frå Telemark flytta ut av landet måtte me ta greip, seier Tove Karin Haugen, leiar ved systova hos Almankås.

Nå er den gamle «rundtrøya» kome til heider og ære. Med kjærleik til bunadsfaget har ekspertane hos Almankås utvikla to nye herrebunader, tufta på norske tradisjonar.  Den eldste modellen er frå rundt 1880, og den andre er nyare og frå tida rundt 1910.

I dag kallas rundtrøya ofte «Vest-Telemarksbunad». Det er ikkje rett. Den vart nytta i heile fylket, og med små variasjonar også i andre fylke.

rundtrøye herrebunad

Den gamle bunaden funne på Reisjå i Tuddal.

Ein stor skatt

Rundtrøyebunad frå Telemark er siste steget i utviklinga av herrebunaden i Telemark. Den er inspirera av moteretningar ute i Europa, og kom i bruk i Norge rundt 1880.

Bunaden blei funne i eit stabbur på garden Reisjå i Tuddal, den hadde hengt lenge da Kari Anne Pedersen ved Norsk Folkemuseum fekk sjå den. Ho ivra etter å få tatt opp igjen dei gamle rundtrøyene, og Torkjell Sletta som eig bunaden, har gjett Almankås rett til å rekonstruere den.

Bestefaren  til Torkjell Sletta brukte den da han gifta seg 1. januar 1894.

– Den var mølleten og slitt med store hol både her og der. Men dette var eit av dei tidlegaste eksemplara av rundtrøye. Ein stor skatt for ein etnolog, seier Kari Anne Pedersen ved Norsk Folkemuseum.

Vide armar

Utforminga har alle kjenneteikna til rundtrøya, men visse detaljar viser tilknytting til gråtrøya.  Som dei vide armane og bruken av klede, som nok var det vanlegaste stoffet på den tida.

For å markere at dette er av dei eldre rundtrøyene, har bunadsekspertane valt å bare sy Reisjå-bunaden av klede, og ikkje nytte lettare stoff som drapé.

Sjå NRK si sak om Rundtrøyebunaden da vi besøkte Kari Anne på Folkemuseet.

Ei lettare herrebunad

Den andre moddelen som er  frå 1910 er rekonstruert etter ein bunad funne på garden Selstugu i Tuddal. Den har ei meir «moderne» utforming, med smalare armar, enkeltspent vest utan slag, og den kan ha vore sydd i lettare stoff.

– Vi ser på denna modellen som eit alternativ for dei som ynskjer ein lettare og ikkje fullt så varm bunad, seier Tove Karin Haugen.

Her får ein også litt variasjon i stoffvalg – som døme drapé og andre lette ullstoff med struktur og mønster.

Skolera bunadstilverkarar

Vi hyra inn Tommy Olsson, herreskreddar med erfaring frå tilverking av svenske folkedrakter og tilsett som kostymemakar på Det Norske Teatret. Han har over ein lengre periode hatt permisjon frå teateret i Oslo to dagar i veka for å jobbe med utviklingsprosjektet her i Bø.

– Me er endeleg klare for å sy rundtrøyer med eigne tilsette, som er grundig skolera. Me vil påstå at dette blir dei mest autentiske rundtrøyene som kan skaffast, seier Tove Karin Haugen.

Etter over to år med planlegging og studering, prøving og feiling er rundtrøyene klare for bestilling – og første bunad er levert sin nye eigar.

Og kven skulle få den aller første bunaden? Torkjell Sletta, så klart!