
Ei hårvippe er eit tre meter langt vevd band som brukast til å binde opp håret.

Eit utval på sju forskjellige vippeband frå ein gard i Tuddal viser kor stor variasjonane kunne vere. Foto: Norsk Folkemuseum
Tørkle over hårvippa
I gamle dager gjekk både jenter og gifte kvinner frå Telemark med håret vippa uten tørkle over. På samme måte kan begge bruke tørkle over vippene. Det er faktisk ein fin måte å få tørkleet til å sitte godt på, hvis det ellers har lett for å gli av.
Lang tradisjon
Tove Karin Kilen, som leiar systova hos Almankås, er opptatt av å vise at dei nesten alltid vippa håret før i tida, både store og små. Heilt opp til 70-tallet kunne vi møte kvinner på butikken i Bø i Telemark som vippa håret under tørkle. Bandet som vi brukar, er eit par centimeter bredt og brukas til bunader frå både Øst- og Vest-Telemark, beltestakk, fløyelsliv og stakk og liv.

I andre halvdel av 1800-talet blei det vanleg med duskar som avslutting i begge endene.
Vipper for kort hår
For dei med kort hår lagar vi ferdig fylte vipper som ein kan sette rett på hovudet.
Å vippe håret er ikkje vanskeleg, men det er lurt å øve seg på nokre andre fyst.
• Ein delar håret i to, surrar bandet rundt dei to lengdene slik at ein får to «pølser».
• Du legg desse rundt hovudet og festar i nakken med endane på bandet.

Sørgeband: Dette bandet er frå 1950-talet. Slike svarte brikkevevde band blei brukt til å vippe håret med under sorg – derav navnet sørgeband. Dei finnes i mange forskjellige mønstre, men hovedfargen er alltid svart, med kvitt mønster.
Almankås sel vipper til alle bunadene frå Telemark og har god kunnskap om alt tilbehøret til bunad.