Dufsesko blei hovudsakleg bruka på 17- og 1800-talet til raudtrøyedrakta og beltestakken. Dette var eit fottøy som blei bruka til fint, kvardagssko var helst av tre eller skinn.
Tove Haugen har vore nesten 30 år på systua hos Almankås, og er i sitt ess når ho kan formidle kunnskap om våre kjære folkedrakter og korleis dei blei bruka.
Skomaker i gamledager
Vi ser det hos nasjonalmålaren Johannes Flintoe i akvarellane «Dragt i Hitterdal i Tellemarken» og « Dragter fra Grans Herred i Tellemarken».
-Skomakaren gjekk rundt på gardane og hadde med seg redskapen i skrinet sitt. Mot kost og losji, og litt attåt, skodde dei gjerne heile familien. Tresko kunne dei lage sjøl. Dei ble spikka! Det var for allmuen. Dufsesko var litt meir eksklusivt, fortel Tove.
Gamle modellar
I 1975 samla den kjente folkemusikaren Agnes Buen Garnås inn skomateriale frå Øst-Telemark, og fekk ein skomakar til å lage sko etter gamle modellar.
Tresko kunne dei lage sjøl. Dei ble spikka! Det var for allmuen. Dufsesko var litt meir eksklusivt.
Tilpassa spesielle føter
Men fortvil ikkje, om du står der på 17.mai og det regner og du tenker at det er gummistøvlar som gjeld. Eller det er joggesko som skal til for å halde ut ein lang dag med bunad i neste konfirmasjon. Kjør på! Vi støttar bunadsnestor Kari-Anne Pedersen ved Folkemuseet som seier:
– Folk må bruke vett. Det blir så mye fjoll. Har du vondt i føtter eller rygg, er det bedre å finne noen nøytrale sko som er behagelige, enn å lide seg gjennom festlighetene med dårlige sko, bare for å følge tradisjoner.
Kjelde: Bunadmagasinet, NRK.no
Foto: Telemark Museum og Nasjonalmuseet
Almankås sel dufsesko til både damer og menn og har god kunnskap om alle sko til bunad.