• Sort bunadsjakke med sølvknapper til herre modell fra 1880

    Bunadsjakken med sølv knapper

  • Sort herrebunad med silketørkle i halsen og hatt på hodet.

    Det brukes gjerne hatt til herrebunaden

  • Nyutvikla svart herrebunad, opprineleg fra 1880

    Rundtrøye 1880

  • Sort bunadsbukse med spenne bak og pene detaljer på baklommene.

    Bunadsbuksa har spenne bak og pene detaljer på baklommene.

  • Bunads skjorte med kvitt broderi

    Bunads skjorte med kvitt broderi

  • Detaljer på baklomma til herrebunad modell 1880

    Detaljer på baklommen

  • Ryggen til den sorte bunadsjakken 1880

    Rundtrøye jakka 1880 bak

  • Dobbelt knept bunadsvest med sølvknappar og klokkekjede

    Dobbelt knept vest med sølv knappar og klokkekjede

Rundtrøye

Rundtrøye 1880

Rundtrøya, også kalla stuttrøya, tok over etter gråtrøya alt frå 1880 åra. Dette er ein meir dressprega bunad som bygger på den nye mannsmoten ute i Europa på fyrste del av 1800-talet, og vart vanleg litt seinare her i landet. Rundtrøya kjenneteiknast av den korte jakka, stuttrøya, med den avrunda formen nederst – noko mange meiner er opphavet til navnet «rundtrøye». Det er få gamle utgaver å sjå i dag, men dei vi har er sydd i kraftig klede, og ofte er det brukt beinknappar. Det har nok og vore bruka sølvknappar, det ser vi på gamle bilde.

I dag kallas rundtrøya ofte «Vest-Telemarkbunad». Det er ikkje rett. Den vart nytta i heile fylket, og med små variantar også i andre fylke.

Hos Almankås syr me to ulike rundtrøyebunader. Me har vore så heldige å funne to opprinnelege modellar. Begge modellane har opphav i Tuddal, og er mest sansynleg sydd der av lokal skreddar. Dette viser og at denne bunaden var vanleg i Aust-Telemark.

Den eldste av dei kjem frå garden Reisjå i Tuddal, og har ei utforming tilsvarande dei fyrste rundtrøyene som kom i bruk i Norge. Altså frå rundt år1880.
Utforminga har alle kjenneteikna til rundtrøya, men visse detaljar viser tilknytting til gråtrøya. Som f.eks. dei vide armane, og bruken av klede, som nok var det vanlegaste stoffet på den tida.
For å markere at dette er av dei eldre rundtrøyene, har vi valt å bare sy Reisjå-bunaden av klede, og ikkje nytte lettare stoff som drape o.l.
Spesielt om rundtrøya frå Reisjå kan nemnast at den har tilhørt familien til Torkjell Sletta, og den hadde henge lenge på stabburet på garden da Kari Anne Pedersen ved Norsk Folkemuseum fekk sjå den. Ho ivra etter å få tatt opp igjen dei gamle rundtrøyene, og Torkjell Sletta har gjett si tilslutting til at den blir kopiert.
Det er gjennom Kari Anne vi har fått høve til å bruke den.
Torkjell fortel at bunaden vart bruka av hans bestefar da han gifta seg i 1894, men den er nok sydd ein del år før dette.

Den andre rundtrøya vår er frå garden Selstugu i Tuddal. Den er av nyare dato – rundt 1910 seier fagfolk. Den har ei meir «moderne» utforming, med smalare armar, enkeltspendt vest utan slag og kan ha vore sydd i lettarer stoff. Vi ser på denne modellen som eit alternativ for dei som ynskjer ein lettare og ikkje fullt så varm bunad.
Her kan vi også tilby litt variasjon i stoffvalg – som f.eks. drape og andre lette ullstoff med struktur/mønster.

Kontakt oss gjerne for å snakke om ulike muligheiter og prisar.
Bunaden blir til i tett samarbeid med deg.

Tilbehør

  • Almankås bunadsko

    Bunadsko i mykt skinn til dame og herre

    Bunadsko til Telemarksbunaden

    Sjå meir
  • Silke tørkle i mange farge varianter og sort filt hatt

    Alt av tilbehør til herrebunaden fra Telemark

    Vi har alt av tilbehør til herrebunaden fra Telemark : Silke tørkle i mange farger, sort filt hatt, alt av sølv, knestrømper, strømpebånd, sko osv..

    Sjå meir
  • Herre med grøn jakke til Øst-Telemarksbunaden

    Sølv til herrebunaden fra Telemark

    Ein brukar det samme sølvet til Øst- og Vest-Telemark herrebunad.

    Sjå meir

#mintelemarksbunad