• Almankås vest-telemark fløyelsliv

    Fløyelsliv

  • Almankås fløyelsliv

    Fløyelsliv med jordbærmønster

  • Almankås fløyelsliv

    Fløyelsliv

  • Almankås Vest-Telemark fløyelsliv

    Rikt broderi på smekka

  • Almankås Smekkebunad fløyelsliv

    Fløyelsliv med band på forkle og stakk

  • Almankas Vest-Telemark jente og dame

    Fløyelsliv jente og dame

  • Almankås smekkebunad fløyelsliv

    Fløyelsliv med jordbærmønster

Vest-Telemark

Fløyelsliv

Fløyelslivet blei seinare utkonkurrera av dei ulike Vest-Telemarksbunadene med ullgarnbroderi, og kom ikkje tilbake i produksjon før på 1980-talet.

Meir om bunaden

Kontakt oss gjerne for å snakke om ulike muligheiter og prisar.
Bunaden blir til i tett samarbeid med deg.

Tilbehør

  • Almankås hårvippe

    Hårvippe

    Hårvippe brukas til alle jente og damebunadene fra Telemarks.

    Sjå meir
  • Almankås Vest-Telemark damebunad

    Vest-Telemark dame sølv

    Til Vest-Telemarkbunadene brukar ein halsring, Slangesølje, Bolesølje, mansjettar på armane, male...

    Sjå meir
  • Almankås bunadsko

    Bunadsko

    Valg av sko

    Sjå meir
Almankås fløyelsliv

Fløyelsliv

Fløyelslivet er sterkt prega av moten som kom på slutten av 1800-talet. Kufta har puffermer og bysten blir fremheva med eit smalast muleg liv. Skjørtet er flatt framme, og har all vidden samla bak.

Desse nye motetrekka blei kombinert med det tradisjonelle tulleplagget. Livet beholdt dei karakteristiske snippane bak, som har røtter heilt tilbake til renessansen.

 

Almankås Vest-Telemark fløyelsliv

Fløyelslivet hadde tradisjonelt eit naturalistisk blomsterbroderi, som regel utført med silketråd, men den kunne også vere heilt utan broderi. På slutten av 1800-talet var det blitt vanleg med symaskin, og ein erstatta derfor korsettet med spiler som ein sydde inn i livet på folkedrakta. Dette gjorde at spissane i ryggen, som nå var veldig høge og spisse, holdt seg på plass.

Til fløyelslivet brukar ein kvit skjorte med hekla blondekant, kvitsaum eller farga broderi, halsring eller halsknapp, sølje på bringa, mansjettar i armane, fløyelsbelte med sølvspenne i livet, tulleplagg på hovudet, silketørkle i halsen, svarte strømper og svarte sko.

#mintelemarksbunad